Velkommen til Knutepunktsidene!
Knutepunkt for miljø- og samfunnsansvar i offentlige anskaffingar
Regjeringa la i juni 2007 fram handlingsplan for miljø- og samfunnsansvar i offentlege anskaffingar.
I Møre og Romsdal har Fylkesmannen ved assisterande fylkesmann Kjeld Brecke ansvar for å lede styringsgruppa. Møre og Romsdal fylkeskommune, ved innkjøpsseksjonen, er utpeika som knutepunkt. Knutepunktet vil ha ansvar for den daglige drifta av prosjektet.
I Møre og Romsdal er det utarbeida ei handlingsplan og ei aktivitetsplan for prosjektet. Våre oppgåver vidare vil tildømas være å innarbeide miljøkriterier i fellesavtaler, gjennomføre dialogkonferansar og kurs samen med leverandørmiljøa og bistå med malar for gode innkjøpsprosessar der miljø, etisk handel og universell utforming inngår.
Sjølv om dei miljømessige aspekt har hovudfokus i prosjektet, vil knutepunktet også legge vekt på oppgåver knytta til leverandørutvikling og samfunnshensyn som etikk og universell utforming.
Knutepunkt tek også mål av seg til å vere eit kompetansesenter for kommunar og andre som må gjere sine anskaffingar i samsvar med regelverkt. For generell informasjon om innkjøpsseksjonen i Møre og Romsdal fylkeskommune og anna sentral informasjon om anskaffingsregelverket kan dei som er interessert gå inn på våre internettsider. For informasjon relatert til konkurransegjennomføring vises til våre intranettsider.