MinID er ei felles innlogging for offentlege tenester på nett. Du loggar inn med MinID når du skal søke om skule- eller lærlingeplass på vigo.no. Du får PIN-kodar til MinID i eit brev i god tid før søknadsfristen. Ta godt vare på arket med PIN-kodane! Har du brukt MinID før, treng du ikkje nye kodar.Rådgivarar og skular får ikkje tilgong til søkarane sine kodar. Mistar du PIN-kodane, kan vi ikkje hjelpe deg! Nytt i 2010 er at alle må bruke MinID for å søke vidaregåande opplæring på vigo.no. Søkarane får brev med PIN-kodar sendt til si folkeregistrerte adresse i januar (dette gjeld kun dei som ikkje har brukt MinID før).Når du søker er det veldig viktig å be om kvittering av søknaden, anten per e-post eller ved utskrift.Søknadsfrister på vigo.no (husk MinID).Særskilt inntak: 1. februarOrdinært inntak: 1. marsSvarfristar på vigo.no (husk MinID)Du må svare på tilbod om plass seinast ei veke etter at du fekk tilbodet!Du kan registrere førehandssvar frå 2. mars til 1. juli (i dei fleste fylker).Stipend og lån i LånekassaSå snart du har takka ja til ein skuleplass kan du søke stipend og lån i Lånekassa. Husk MinID også her!Via vigo.noVia lånekassa