/ Forsiden / Siste nytt / Operasjon Dagsverk 2009
Operasjon Dagsverk 2009
OD organisasjonen sentralt var på rundreise for å fortelje om kva OD er for noko, og spesielt kva OD pengane skulle gå til i år. Årets aksjon rettar seg mot funksjonshemma undgom i det sørlige Afrika. Eirik Kolstad Kvalø frå OD sentralt heldt denne presentasjonen for alle elevane. Etterpå fekk elevane ein personleg innføring i korleis OD pengane kan vere til hjelp for ungdom som har særskild trong for det. Svaksynte Tgopista Nannyanzi, 19 år gamal jusstudent frå Uganda, gav elevane innsyn i dette. Med henne var tolken Sille Lukowski.
Denne samlinga var første leddet i årets OD arrangement. Torsdag 29. brukte elevane dei 4 første timane til interne arrangement som skulle visualisere problemstillingar omkring årets OD tema. Fredag vart det heile avslutta med at elevane tilbydde sine tenester for kr. 300,- .


