Right menu

september 2010
man tir ons tor fre lør søn
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29 30    

Kontaktinformasjon:

Gjermundnes vidaregåande skule 6392 Vikebukt

Vakttelefon internat 97434946
E-post til skolen
Telefon: 71188750
Fax: 71188751

/ Forsiden / Om skulen / Rektor si side

Rektor si side

 

Kvifor er vi det rette skulevalet for deg? Jau vi er gode på følgjande:

Landbruk – Hest – Smådyr – Friluftsliv

Dette er skulen i fylket som gjev opplæring i faga som er knytt til naturen og naturressursane rundt oss. Gjermundnes har vore både kongsgard og futesete. Dette fortel at vi har svært rike ressursar å øse av. Vi har rikt kulturlandskap, stort utmarksareal, allsidig produksjonsmiljø rundt oss og ei rik strandline ut mot Romsdalsfjorden!

Alt dette vert nytta for å gje opplæringa høg kvalitet.

Teknikk og Industriell Produksjon – TIP

I nærområdet til skulen har vi mykje mekanisk industri. Vi har eit særs nært samarbeid med denne industrien som gjev deg som elev eit godt yrkesrelatert tilbod. Du får praksis, og opparbeider kontakt med næringslivet som lettar overgangen til næringslivet.

Allmennfagleg kompetanse

Ved Gjermundnes kan du få Generell studiekompetanse både gjennom VKII Naturforvaltning og VKII Påbygging til generell studiekompetanse.

Venskap og allmenndanning

Vi er ein liten skule der elevar frå heile fylket er samla. Mange av elevane bur på skulen sitt internat og har eit godt tilbod der. Dette skaper ein unikt ungdomsmiljø som du i ettertid vil hugse godt og vere glad for å ha fått opplevd!

Aadne Haarr

rektor