Right menu

mars 2010
man tir ons tor fre lør søn
1 2 3 4 5 6 7
8 9 10 11 12 13 14
15 16 17 18 19 20 21
22 23 24 25 26 27 28
29 30 31      

Kontaktinformasjon:

Gjermundnes vidaregåande skule 6392 Vikebukt

Vakttelefon internat 97434946
E-post til skolen
Telefon: 71188750
Fax: 71188751

/ Forsiden / Internat

 

Generell informasjon om internatet

Gjermundnes vgs har, med si fylkesdekkande line i grøn naturbruk, satsa på å tilby sine elevar internatplass. Hus, varme, mat og vaksentilsyn heile døgnet, for ein rimeleg penge!

Skulen har internat med 80 enkeltrom fordelt på 2 bygg og 8 avdelingar. To og to hyblar har felles gang og toalett. Det er felles dusj i kvar avdeling. Det kan bu inntil 12 elevar på kvar avdeling.

For internatbebuarane vert det servert tre måltid kvar dag, utanom fredag, då siste måltid er lunsj - varm sådan! I helgene må dei elevane som har stallvakt stelle seg mat sjølve på kjøkkena på kvar avdeling.

I kvar blokk er det klesvaskemaskin og tørkerom. Vi har TV-stover, treningsrom og biljardrom på internatet, og elevane har tilgang til data/internett fram til 23:30.

Det er miljøarbeidarar til stade på ettermiddag/kveld, og nattevakt frå 2100 - 0700. Miljøarbeidarane er gjerne med på å dra i gang aktivitetar. Gi eit hint om det er noko du har lyst til!

Dersom du ynskjer, eller har behov for å bu på internatet i helgane, må du rekne med litt ekstra kostnadar. Du må også søkje om å få bu på internatet i helgen. Tilbodet gjeld berre dei som har stallvakt og dei med ekstra lang heimreise!

Dersom du har lyst å klatre på fritida, må du også ha godkjenning frå føresette. Derfor ligg her også ein peikar til det skrivet.


Kantine
Aktivitetar