2LG på utferd til "Ytste, synste luten"
Vg2 Landbruk og Gartneri har vore på utferd til Hareid og Herøy. Dei var på vitjing til 3 Damer på Hareid. Dei driv nisjeproduksjon av urter, og lagar bl.a. drops, krydderblandinger og såper. Vidare var dei innom Herøy Gard, og Runde Miljøsenter. Overnatting var på Turisthytta på Runde Fyr - og der var bratt både ned og opp!! Dei hadde ein kjekk og lærerik tur. Fotografane er litt forskjellige, men blant anna Malin Djupvik og Merethe Nerland har levert bidrag. Vi beklager på det sterkaste at lysbilde-funksjonen ikkje virker som den skal. Den leverer bilde i hytt og pine. Vi håper likevel at du kan få eit inntrykk av korleis dei har hatt det på turen. |


