Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Næringsutvikling

Næringsutvikling

Utvikling av næringslivet i regionen er ei sentral oppgåve for Møre og Romsdal fylkeskommune. Oppgåva som regional utviklingsaktør spenner over alle fagområde og involverer mange aktørar i forpliktande partnarskap. Fylket har det strategiske ansvaret og koordinerer prosessane i partnarskapet. Fylkesplan og fylkesdelplanar ligg til grunn for arbeidet.

Næringslivet i Møre og Romsdal
Møre og Romsdal har tunge miljø og næringsklynger innanfor maritim industri, marin sektor, møbelindustri, prosessindustri (petroleum, aluminium og bergverk), samt mindre industrimiljø innan plast og stein. Industrien består av til dels "modne" bedrifter, der ein trass i auka verdiskaping ikkje kan vente vekst i sysselsettinga. Nyetableringar er viktig for sysselsetting, nyskaping og dynamikk i næringsmiljøet.

Maritime næringar
Det er den maritime klynga som dominerer industrisektoren i Møre og Romsdal. Frå å vere hovudsakleg skipsbygging, har denne næringssektoren fått større breidde med sterk auke innan service-og tenestesektoren. Den omfattar  til dømes offshorereiarlag, design, prosjektering, produksjon av utstyr og vedlikehald. Tyngda av den maritime klynga er i dag retta mot petroleumsakivitetar offshore. Vi ser eit  interessant  vekstpotensiale i vidareutvikling av ei energi- og petroleumsretta maritim klynge , og dette vil vere i fokus for Møre og Romsdal fylkeskommune..
Den maritime næringsklynga hadde stor vekst i åra frå 2005 til 2009, men opplever no redusert ordretilgang. Næringa utgjer  meir enn 20000 årsverk, og tel om lag 200 bedrifter med ei samla omsetning på ca 50 mrd NOK i 2008.

Landbruk:
Fylkeskommunen er frå 01.01.2010 ein regional utviklingsaktør også på landbruks- og matområdet. Ved å legge til rette for auka verdiskaping, betre ressursforvaltning og miljøinnsats skal fylkeskommunen bidra til å nå måla for landbruket i Møre og Romsdal.

Fylkeskommunen forvaltar ein tilskotsramme på om lag 1,5 millionar som kan nyttast innan kompetanse, rekruttering og likestilling i landbruket i 2010. Måla er auka rekruttering til landbruket og til naturbruksutdanninga, satsing på etter- og vidareutdanning for bønder og likestillingstiltak. Ordninga blir forvalta i samarbeid med næringsorganisasjonane i landbruket og fylkesmannen sin landbruksavdeling.

Fylkeskommunen gjev ein årleg uttale til jordbruksforhandlingane, og skal fremme landbruksinteresser i arbeid med klima-, energi-, areal- og samfunnsplanlegging. Verdiskapingsprogramma innan mat, tre og bioenergi skal gjerast kjende for bedrifter, og rammedirektivet for vatn skal følgjast opp.


Hilde Louise Asbjørnsen til Mørekonferansen

Artist, låtskrivar og jazz-songarinne Hilde Louise Asbjørnsen frå Sykkylven kjem til Mørekonferansen 23. november for å synge saman med Frode Alnæs.

Les meir

- Er skapt viktige samarbeidsarenaer for utvikling av fylket

Gjennom foresightanalyser og tilhøyrande tiltak samhandlar kommunane, organisasjonane og næringslivet i Møre og Romsdal no betre og oftare enn nokon gong før for å sikre rekruttering og tilflytting til fylket. Dette kjem fram i den nye rapporten "Living and working in Møre og Romsdal", som vart presentert i dag.

Les meir

Søk Bulyst-midlar, skap trivsel

Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) lyser ut 47 millionar kroner til bulystprosjekt i distrikta. Målet er å legge til rette for at kommunar vert meir attraktive å bu i og flytte til. Både kommunar, lag og organisasjonar kan søke om prosjektmidlar.

Les meir

Den internasjonale kommunen - ein ny spennande konferanse for kommunane

Den 5. januar i år arrangerte fylkeskommunen og KS den første årlege konferansen om internasjonalt arbeid i kommunen. Målgruppa for konferansen var rådmenn, ordførarar og andre som jobbar med internasjonale saker i kommunane i fylket.

Les meir

Fjord 2.0 konferansen - 24.-25.november

NCE Tourism - Fjord Norway inviterer til Fjord 2.0 konferanse 24.-25. november i Bergen. Årets konferanse vil ha fokus på: Tematurisme for framtida.

Les meir

Tre søkjarar fekk midlar frå Marint miljøsikrings- og verdiskapingsfond

Nærings- og miljøutvalet vedtok tysdag og gje tilskot til tre av dei fem søknadane som var kome inn til Marint miljøsikrings- og verdiskapingsfond.

Les meir

Presseinvitasjon Jazzgass 2010

Tysdag 20. juli er det duka for møte mellom regionale og nasjonale aktørar i petroleumssektoren. Over 200 er påmeldt så langt.

Les meir

Daglige opplevingar gjennom heile sommaren

Reiselivsprogrammet gjer det muleg for dei fire aktivitetsbedriftene DID Adventure, Contrast Adventure, Actin og Fjordkajakk å tilby daglige aktivitetstilbod for turistar og individuelt reisande i Møre og Romsdal.

Les meir

Reiselivskonferansen 2010 - ei populær konferanse

I overkant av 100 deltakarar var samla på Møre og Romsdal Reiseliv sin årlege reiselivskonferanse i Kristiansund  23. og 24. mars.

Les meir

Kartlegging og marknadsføring av Møre og Romsdal som aktivitets- og opplevingsfylke sommaren 2010

Møre og Romsdal som aktivitets- og opplevingsfylke vert tema i neste nummer av fylkesmagasinet SPOR. I samband med dette ønskjer vi å kartlegge flest muleg av dei ulike aktivitetar og opplevingar som vert tilbydd av små og store aktørar i Møre og Romsdal.

Les meir

Kontaktpersonar

Bergljot Landstad Bergljot Landstad
Regional- og næringssjef
Tlf. 71 25 81 71 /
Mob. 900 89 213
Send e-post
Frank Madsøy
Ass. Regional- og næringssjef
Tlf. 71 25 81 91 /
Mob. 971 71 493
Send e-post
Øyvind Tveten Øyvind Tveten
Rådgiver
Tlf. 71 25 81 95 /
Mob. 922 12 429
Send e-post