Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Samferdsel

Møre og Romsdal har store utfordringar når det gjeld å innordne eit tenleg, godt og berekraftig samferdselstilbod. For å skape eit attraktivt fylke, er det viktig med eit godt transportsystem, så vel for gåande og syklande som for kollektivreisande og bilistar. Dersom Møre og Romsdal ikkje skal tape i kampen om arbeidskrafta og dersom næringslivet i fylket skal vere konkurransedyktig også i framtida, er det naudsynt med eit effektivt transportsystem.


Ungdom med spennande løysingar

I samband med lokale gründercampar i Molde, utfordra samferdselsavdelinga fire grupper til å kome med innspel på utfordringar innan samferdsel. To av gruppene som løyste oppdrag for samferdselsavdelinga gikk vidare til kommunefinalen for Molde den 20. april.

Les meir

Ønskjer synspunkt på ruteprogram for Hovden flyplass

Møre og Romsdal fylkeskommune har sendt høyringsbrev til kommunar, regionråd og næringsråd på søre Sunnmøre for å få innspel til Widerøe sitt nye ruteprogram for anbodsruter i Norge: – Det er viktig for fylkeskommunen å få innspel frå brukarar av flytilbodet til og frå Hovden, seier rådgivar Hilde J. Svendsen i samferdselsavdelinga.

Les meir

To millionar til TT-prøveprosjekt

Samferdselsdepartementet har løyvd vel 2 millionar kroner til eit TT-prøveprosjekt i Møre og Romsdal, der målet er å gi brukarar med stort behov for tilrettelagd transport moglegheit for eit meir aktivt liv.

Les meir

Alt klart for Langfjordtunnelen

Reguleringsplanarbeidet i samband med Langfjordtunnelen kan starte opp med ein gong, meiner samferdselssjefen i Møre og Romsdal, som viser til at prosjektet er sjølvfinansierande. 

Les meir

To milliardar til investeringar i fylkesvegar

Samferdselssjefen vil bruke nær to milliardar kroner til investeringsprogrammet for fylkesvegane dei komande ti åra. Det største enkelttiltaket er Nordøyvegen, medan dei største programområda er knytte til utbetringar av ferjekaier, vegstrekningar og tunnelar, gang- og sykkelvegar samt kollektiv- og trafikktryggingstiltak.

Les meir

Møte i Samferdselsutvalet - onsdag 25.april

Det er møte i Samferdselsutvalet onsdag 25.april, på møterom 700 på fylkeshuset.

Les meir

Krev hyppigare ferjeavgangar og program mot vegforfall

Hyppigare ferjeavgangar, eige program for etterslep på vedlikehald og ferjefri E39 innan 20 år er krav Møre og Romsdal fylkeskommune (MRFK) fremmar i høyringsuttalen til Nasjonal Transportplan 2014 – 2023.   

Les meir

Kjøp av busstransport på Nordmøre

Møre og Romsdal fylkeskommune skal på seinsommaren 2012 legge ut anbod på ei rutepakke i kommunane Kristiansund, Averøy, Aure og Smøla.

Les meir

Utfordrar ungdom om kollektivtransport på gründercamp

Samferdselsavdelinga har utfordra ungdomsskuleelevar på gründercamp til å sjå på viktige oppgåver, og kome med forslag til gode løysingar på kollektivtransporten.

Les meir

Inviterer til deltaking i prosess for regionalt framsette forslag til endringar i togtilbod

Møre og Romsdal fylkeskommune er invitert til å kome med forslag til endringar i togtilbodet for passasjerar, og vi vil derfor invitere kommunar og andre til å kome med sine innspel i denne prosessen.

Les meir

Kontaktpersonar

Arild Fuglseth Arild Fuglseth
Samferdselssjef
Tlf. 71 25 87 46 /
Mob. 915 30 085
Send e-post
Magne Arild Vinje Magne Arild Vinje
ass. samferdselssjef
Tlf. 71 25 87 48 /
Mob. 913 78 582
Send e-post

Ruteinformasjon