Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Søknadsskjema for regionale utviklingsmidlar

Møre og Romsdal fylkeskommune v/Regional og næringsavdelinga rår over fleire verkemiddel som kan knyttast til regionale utviklingstiltak og -prosjekt.

Handlingsprogram Verdiskaping er retningsgjevande for bruken av desse midlane.

Midlane kan berre nyttast til tilretteleggande utviklingstiltak. Bedriftsretta søknader skal rettast til Innovasjon Norge.

Søknadsfristar og andre krav til søknaden

Søknader vert handsama etter kvart som dei kjem inn.

Søknader som er komne Møre og Romsdal fylkeskommune v/ Regional og næringsavdelinga i hende innan 15.mai, vil bli handsama før fellesferien startar. Søknader som kjem fylkeskommunen i hende etter 15.oktober, kan kome til å bli sakshandsama neste år. Dei elektroniske søknads- og rapporteringsskjemane er rettledande med hjelpetekst.

Utbetaling av tilskot

Sluttutbetaling av tilskotet skal alltid skje etterskotsvis mot godkjent rapport og revisorgodkjent rekneskap. I tillegg skal skjema "Sluttrapport til Kommunal- og regionadepartementet" fyllast ut og sendast inn ved sluttutbetaling. Ved oppmodning om delutbetaling skal det leggast ved ein kort delrapport om resultat og hovudtiltak. Skjemaet DEL- OG SLUTTRAPPORT nyttast ved begge høve.

Inntil 75 % av tilskotet kan utbetalast som delutbetaling.

Dei siste 25 % blir utbetalt når prosjektet er avslutta, og sluttrapport med revisorgodkjent rekneskap er godkjent.

Kontaktpersonar

Gunhild Dahle Gunhild Dahle
Rådgivar
Tlf. 71 25 81 73 /
Mob. 476 33 810
Send e-post