Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Reiseliv

Reiseliv

Reiseliv er av Møre og Romsdal fylkeskommune utpeikt som satsingsområde. Dette inneber at fylkeskommunen har eit aktiv og tett samarbeid med reiselivsnæringa. I tillegg til utviklingsoppgåver retta mot reiselivsnæringa har fylkeskommunen og sekretariatsfunksjonen for Møre og Romsdal Reiseliv. Fylkeskommunen leiar og det fireårige programmet - Reiselivsprogrammet 2006-2010.


"Reiselivs SPOR” med aktivitet- og opplevingar

Møre og Romsdal som aktivitets- og opplevingsfylke vert tema i neste nummer av fylkesmagasinet SPOR. I samband med dette ønskjer vi å kartlegge flest muleg av dei ulike aktivitetar og opplevingar som vert tilbydd av små og store aktørar i Møre og Romsdal.

Les meir

Friske forslag i Geiranger

Reiselivskonferansen 2012 i Geiranger kan summerast opp som to vellukka dagar med påfyll av nye idear og spenstige forslag for dei om lag 130 deltakarane.

Les meir

Foredraga frå Reiselivskonferansen 2012

Foredraga frå Reiselivskonferansen 2012 finn du her.

Les meir

Reiselivsprisen 2012 til MoldeJazz!

Molde Internasjonale Jazzfestival er vinnar av årets Reiselivspris. “Denne bedriften fyller kategorien kreativ og nyskapende så det holder”, heiter det mellom anna i grunngjevinga.

Les meir

Botten presenterer ny nasjonal reiselivsstrategi

Else-May Botten kjem til Reiselivskonferansen som går av stabelen i Geiranger 12. og 13. april for å presentere regjeringa sin nye nasjonale reiselivsstrategi.

Les meir

Duka for Reiselivskonferansen 2012

Reiselivskonferansen 12. og 13. april er den viktigaste møteplassen for reiselivsbransjen. – Vi er stolte av å invitere til to dagar med høgaktuelle og inspirerande foredrag, seier rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Lillian Sæther Sørheim.

Les meir

Stor interesse for Møteplass Møre og Romsdal

Med 231 gjestar vart “Møteplass Møre og Romsdal” arrangert i Gamle Logen i Oslo onsdagkveld. Her fekk reiselivsnæringa presentert eit breitt spekter av det dei har å by kurs- og konferansemarknaden av aktivitets- og opplevingstilbod i fylket.

Les meir

"Møteplass Møre og Romsdal" i Oslo 7. mars

Onsdagkveld skjer det i Oslo. Då samlar reiselivsnæringa i fylket seg på Gamle Losjen til eit felles marknadsløft “Møteplass Møre og Romsdal”.

Les meir

Velkommen til Reiselivskonferansen 2012!

Møre og Romsdal Reiseliv har gleda av å invitere til Reiselivskonferansen 2012. Programmet er klart, tettpakka med aktuelle tema. Kryss av torsdag 12. og fredag 13. april i kalenderen, og meld deg på.

Les meir

Pilotsatsing ber frukter

Reiselivspiloten Romsdalseggen er ein av to vandrefilmar som er plukka ut for å marknadsføre aktivitetsferiar i Norge. Det er Innovasjon Norge og Fjord Norge som står bak kampanjen der vandring i norsk natur, skal lokke fleire turistar til den norske fjellheimen.

Les meir

Kontaktpersonar

Lillian P.Sæther Sørheim Lillian P.Sæther Sørheim
Rådgivar
Tlf. 71 25 81 96 /
Mob. 952 80 603
Send e-post

Møre og Romsdal Reiseliv

er ein paraplyorganisasjon for dei fire destinasjonsselskapa vi har her i fylket. Det er ingen tilsette i Møre og Romsdal Reiseliv. Arbeidsoppgåvene blir utført av tilsette ved regional- og næringsavdelinga i fylkeskommunen. Møre og Romsdal Reiseliv har eit eige styre som består av representantar frå destinasjonsselskapa, Møre og Romsdal Fylkesbåtar og Møre og Romsdal fylkeskommune.

Reiselivsprogrammet 2006-2010

er ei fireårig satsing i regi av Møre og Romsdal fylkeskommune.
Programmet er utvikla i samarbeid med reiselivsaktørar, destinasjonsselskapa, Innovasjon Norge og kommunane i Møre og Romsdal. Programmet kan du lese meir om her.