Presseinvitasjon Jazzgass 2010
Tysdag 20. juli er det duka for møte mellom regionale og nasjonale aktørar i petroleumssektoren. Over 200 er påmeldt så langt.
Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer media til:
JazzGass-konferansen 2010
Stad: Bjørnsonhuset, Molde
Tysdag 20. juli
Kl 1000-1500.
Arrangementet har utvikla seg til å bli ein viktig møteplass for regionale og nasjonale aktørar innan petroleumssektoren, deltakarlista i år omfattar meir enn 200 personar.
Oppdatert program er lagt ved invitasjonen. Det er knytt store forventningar til fleire av innlegga. Administrerende direktør i AS Norske Shell, David Loughman, vil sette fokus på framtidig marknad for naturgass, og selskapet er operatør for lovande funn i Norskehavet. Innlegget frå direktør i Gassco,Thor Otto Lohne, om infrastruktur, vil i denne samanheng vere svært interessant. Vil Møre og Romsdal få meir gass til land?
Giske kjem ikkje
Det er nyleg gjort ei endring i programmet, statsråd Trond Giske har meldt forfall. I staden vil leiar i Næringskomiteen på Stortinget, Terje Aasland og energipolitisk talsmann i FrP, Ketil Solvik-Olsen, halde innlegg.
Vi viser elles til vedlagte program:
Velkommen til JazzGass!
For meir informasjon om konferansen kontakt:
Roy Ødegård tlf. 71258195/97693003
Oppdatert: 07.06.11
