Forsking dei neste fire åra
Fylkeskommunane Møre og Romsdal, Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag har gjennom eit felles bestillingsbrev til Regionalt forskningsfond Midt-Norge, lagt føringar på kva det skal forskast på dei neste fire åra.
Hopp til innhold Hopp til hovedmeny
Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling > Næringsutvikling
Utvikling av næringslivet i regionen er ei sentral oppgåve for Møre og Romsdal fylkeskommune. Oppgåva som regional utviklingsaktør spenner over alle fagområde og involverer mange aktørar i forpliktande partnarskap. Fylket har det strategiske ansvaret og koordinerer prosessane i partnarskapet. Fylkesplan og fylkesdelplanar ligg til grunn for arbeidet.
Møre og Romsdal har tunge miljø og næringsklynger innanfor maritim industri, marin sektor, møbelindustri, prosessindustri (petroleum, aluminium og bergverk), samt mindre industrimiljø innan plast og stein. Industrien består av til dels "modne" bedrifter, der ein trass i auka verdiskaping ikkje kan vente vekst i sysselsettinga. Nyetableringar er viktig for sysselsetting, nyskaping og dynamikk i næringsmiljøet.
Det er den maritime klynga som dominerer industrisektoren i Møre og Romsdal. Frå å vere hovudsakleg skipsbygging, har denne næringssektoren fått større breidde med sterk auke innan service-og tenestesektoren. Den omfattar til dømes offshorereiarlag, design, prosjektering, produksjon av utstyr og vedlikehald. Tyngda av den maritime klynga er i dag retta mot petroleumsakivitetar offshore. Vi ser eit interessant vekstpotensiale i vidareutvikling av ei energi- og petroleumsretta maritim klynge , og dette vil vere i fokus for Møre og Romsdal fylkeskommune..
Den maritime næringsklynga hadde stor vekst i åra frå 2005 til 2009, men opplever no redusert ordretilgang. Næringa utgjer meir enn 20000 årsverk, og tel om lag 200 bedrifter med ei samla omsetning på ca 50 mrd NOK i 2008.
Fylkeskommunen er frå 01.01.2010 ein regional utviklingsaktør også på landbruks- og matområdet. Ved å legge til rette for auka verdiskaping, betre ressursforvaltning og miljøinnsats skal fylkeskommunen bidra til å nå måla for landbruket i Møre og Romsdal.
Fylkeskommunen forvaltar ein tilskotsramme på om lag 1,5 millionar som kan nyttast innan kompetanse, rekruttering og likestilling i landbruket i 2010. Måla er auka rekruttering til landbruket og til naturbruksutdanninga, satsing på etter- og vidareutdanning for bønder og likestillingstiltak. Ordninga blir forvalta i samarbeid med næringsorganisasjonane i landbruket og fylkesmannen sin landbruksavdeling.
Fylkeskommunen gjev ein årleg uttale til jordbruksforhandlingane, og skal fremme landbruksinteresser i arbeid med klima-, energi-, areal- og samfunnsplanlegging. Verdiskapingsprogramma innan mat, tre og bioenergi skal gjerast kjende for bedrifter, og rammedirektivet for vatn skal følgjast opp.
Fylkeskommunane Møre og Romsdal, Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag har gjennom eit felles bestillingsbrev til Regionalt forskningsfond Midt-Norge, lagt føringar på kva det skal forskast på dei neste fire åra.
Regionale forskingsfond Midt-Norge har tildelt 22,3 mill. kroner til ulike forskingsprosjekt i Midt-Noreg. Fleire av prosjekta høyrer heime i Møre og Romsdal.
Midt-Norsk Fiskerikonferanse går av stabelen 6. - 7. juni i Kristiansund.
Artist, låtskrivar og jazz-songarinne Hilde Louise Asbjørnsen frå Sykkylven kjem til Mørekonferansen 23. november for å synge saman med Frode Alnæs.
Denne veka opna Sunnmøre Kulturnæringshage i Volda, eit prosjekt som Møre og Romsdal fylkeskommune har gitt støtte til. Frå leiaren i Regional- og næringsutvalet, Randi Asbjørnsen, venta både blomster, bilde og lovord.
Gjennom foresightanalyser og tilhøyrande tiltak samhandlar kommunane, organisasjonane og næringslivet i Møre og Romsdal no betre og oftare enn nokon gong før for å sikre rekruttering og tilflytting til fylket. Dette kjem fram i den nye rapporten "Living and working in Møre og Romsdal", som vart presentert i dag.
Vårt framtidsbilete for verdiskaping i fylket er at Møre og Romsdal har eit attraktivt, internasjonalt og nyskapande næringsliv, og ein utviklingsorientert offentleg sektor, som saman medverkar til berekraftig utvikling gjennom større breidde i arbeidslivet og livskraftige lokalsamfunn.