Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling

Regional- og næringsutvikling

Møre og Romsdal fylkeskommune har det regionalpolitiske ansvaret for samfunnsutviklinga i Møre og Romsdal. Regional- og næringsavdelinga skal vere ein aktiv og tydeleg medspelar i arbeidet med å sikre berekraftig vekst, verdiskaping, nyetablering, forsking og utvikling, attraktive og dynamiske lokalsamfunn. Arbeidet er forankra i i Fylkesplan og Handlingsprogram Verdiskaping. Avdelinga forvaltar 150 mill kroner årleg til utviklingsretta tiltak.


Forsking dei neste fire åra

Fylkeskommunane Møre og Romsdal, Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag har gjennom eit felles bestillingsbrev til Regionalt forskningsfond Midt-Norge, lagt føringar på kva det skal forskast på dei neste fire åra.

Les meir

Workshop for ungdom

Workshop om tema ungdom og Europa går av stabelen torsdag 31. mai i Kristiansund.

Les meir

Vellukka tettstadkonferanse

Den regionale tettstadkonferansen 24. og 25. april vart ein suksess, trass i få deltakarar. -Ein av dei beste tettstadkonferansane, seier Kristin Omholt-Jensen, frå Miljøverndepartementet.

Les meir

Sunnmøre Kulturnæringshage opna

Denne veka opna Sunnmøre Kulturnæringshage i Volda, eit prosjekt som Møre og Romsdal fylkeskommune har gitt støtte til. Frå leiaren i Regional- og næringsutvalet, Randi Asbjørnsen, venta både blomster, bilde og lovord.

Les meir

Næringsfond til fleire kommunar

Regional- og næringsutvalet gjekk denne veka samrøystes inn for at kommunane Giske, Ålesund, Sula, Skodje, Ørskog og Molde får tildelt midlar frå kommunalt næringsfond, på lik linje med kommunane innanfor det distriktspolitiske virkeområdet.

Les meir

Midlar til studentbedrifter

Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer å at Prototypefondet blir fylt opp med kr. 200.000,- Ordninga gir studentbedrifter i Møre og Romsdal høve til å søkje om å få dekt kostnadane ved utvikling av prototypar.

Les meir

Foreslår å løyve 1,5 mill. til Nesset

Prosjektet “Nesset som vekstkommune” er inne i sitt tredje år. Møre og Romsdal fylkeskommune foreslår å løyve kr. 1,5 mill. til prosjektet. Regional- og næringsutvalet skal behandle saka onsdag 25. april.

Les meir

Støtte til “I e frening i”

Møre og Romsdal fylkeskommune foreslår å løyve inntil kr. 300 000 til Fræna kommune og prosjektet “I e frening i”.

Les meir

Friske forslag i Geiranger

Reiselivskonferansen 2012 i Geiranger kan summerast opp som to vellukka dagar med påfyll av nye idear og spenstige forslag for dei om lag 130 deltakarane.

Les meir

Reiselivsprisen 2012 til MoldeJazz!

Molde Internasjonale Jazzfestival er vinnar av årets Reiselivspris. “Denne bedriften fyller kategorien kreativ og nyskapende så det holder”, heiter det mellom anna i grunngjevinga.

Les meir

Kontaktpersonar

Bergljot Landstad Bergljot Landstad
Regional- og næringssjef
Tlf. 71 25 81 71 /
Mob. 900 89 213
Send e-post
Frank Madsøy
Ass. Regional- og næringssjef
Tlf. 71 25 81 91 /
Mob. 971 71 493
Send e-post

Handlingsprogram Verdiskaping 2012