Kommunal planlegging
Som regional planstyresmakt har fylkeskommunen plikt både til rettleiing og til medverknad i den kommunale planlegginga etter plan- og bygningslova.
Fylkeskommunen skal gjennom sin medverknad sikre at regionale interesser vert ivareteke i planlegginga. Ut frå dette skal alle kommuneplanar, reguleringsplanar og søknader om dispensasjon frå plan leggast fram for fylkeskommunen til ettersyn før det vert gjort vedtak i kommunen. Fylkeskommunen gjer vurderingar innanfor fleire fagområde, men vurderingane vert lagt fram i ei samordna fråsegn.
Kommuneplanar, samt reguleringsplanar med regionale konsekvensar vert lagt fram for fylkesutvalet. Andre saker vert handsama administrativt.
Fylkestinget sitt delegasjonsvedtak er å finne her. [T-74/09]
