Regional planstrategi 2012 - 2016
Fylkestinget i Møre og Romsdal vedtok i sak T-7/12 Regional planstrategi 2012-2016.
Hopp til innhold Hopp til hovedmeny
Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Plan og analyse
Plan- og analyseavdelinga skal vere ein aktiv medspelar i utviklinga av regionen Møre og Romsdal.
Møre og Romsdal fylke er regional planmynde, jf. plan- og bygningslova. Plan- og analyseavdelinga har ansvar for og leiar arbeidet med regional planstrategi, regionale planar og regional planføresegn.
Avdelinga skal medverke til å styrke den heilskaplege samfunnsplanlegginga i Møre og Romsdal. Styrke plansamordninga, vere plan- og prosessleiar, mellom anna i eigen organisasjon og for kommunane. Utarbeide og formidle aktuell statistikk og analyser om Møre og Romsdal, som grunnlag for politiske vedtak og for fylkeskommunen sitt arbeid.
Fylkestinget i Møre og Romsdal vedtok i sak T-7/12 Regional planstrategi 2012-2016.
Plan og analyseavdelinga har dei siste veka gjennomført opplæring av folkevalde i kommunane. Fokuset har vore retta mot Plan- og planlegging. Tilbodet er gitt til alle kommunane i fylket.
12 friluftsområde i Møre og Romsdal er med på ei liste over anbefalt statleg sikring med økonomisk støtte frå Direktoratet for naturforvaltning. Det er fylkesrådmannen som legg fram ei prioritert liste for fylkesutvalet. Høgast prioritering er gitt område med stor regional/nasjonal verdi og område nær større bustadområde.
Statistisk sentralbyrå (SSB) har publiserte ein rapport som bereknar talet på innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre i alle fylka og landet fram mot 2040.
I det siste tiåret har folketalsauken i Møre og Romsdal vore heilt eventyrleg. I 2001 var folketalsauken for fylket 45 personar. Eit tiår seinare, i 2011, var folketalsauken på 2 724 personar.
Møre og Romsdal var i 2011 landets tredje største eksportfylke med eksport av tradisjonelle varer til ein verdi av 32,7 milliardar kroner, eller 9 prosent av den nasjonale eksporten.
Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer kontaktpersonar for arbeidet med nasjonal handlingsplan for sikra friluftsområder til ei ny samling i forbindelse med utviklingsdelen.
Ei nyoppretta nettside syner folkehelseprofilar for alle kommunane i fylket. Profilane som kjem i frå Folkehelseinstituttet syner dei store linene og er nyttige for å få oversikt over folkehelsetilstanden.Ytterligare statistikk får ein i frå Kommunehelsa statistikkbank og frå fylkeskommunen, og no er alt samla på ei nettside.
Statens byggtekniske etat (BE) har i samarbeid med høgskulen i Bergen utarbeidd eit nettbasert undervisningsopplegg i universell utforming.
Fylkesutvalet i Møre og Romsdal har i sak U-151/11 lagt
Planprogram Regional delplan for samfunnstryggleik og beredskap
ut til høyring og offentleg ettersyn, jf. pbl §§ 4-1 og 8-3.