Sekretariat for kontrollutvalet
Kontrollutvalet skal ha eit eige sekretariat som skal sjå til at sakene som blir behandla i kontrollutvalet er forsvarleg utgreidde og at vedtaka i kontrollutvalet blir sette i verk.
Sekretariatet skal ha den løpande kontakta med fylkesrevisjonen, og vere det daglege kontaktpunktet for fylkeskommunens øvrige administrative og politiske organ i høve til kontrollutvalet.
Sekretariatet til kontrollutvalet blir leia av kontrollsjef Hans Blø.
Kontrollsjefen er underordna kontrollutvalet og kan ikkje instruerast i fagelege saker av fylkesrådmannen eller folkevalde organ utanom fylkestinget.
