Kontrollutvalet
Kontrollutvalet skal på vegne av fylkestinget førestå det løpande tilsynet med forvaltninga i fylkeskommunen, og rapporterer til fylkestinget om resultatet av arbeidet sitt.
Kontrollutvalet har sjølvstendig tilrådingsrett til fylkestinget i saker som vedkjem oppgåvene til kontrollutvalet, og i saker om val av revisjonsordning og revisor. Kontrollutvalet kan ikkje instruerast i sine oppgåver av andre enn fylkestinget, og har ei uavhengig stilling i organisasjonen i høve til administrasjonen og andre folkevalde organ.
I forskrift om kontrollutval er det gitt reglar om val samansetjing, saksbehandling og arbeidsoppgåver for kontrollutvalet.
Kontrollutvalet i Møre og Romsdal fylke har 5 medlemer som er valde av fylkestinget. Ingen av medlemene kan ha andre ombod eller vere tilsett i Møre og Romsdal fylke. Kontrollutvalet er eit kollegialt organ og utøver tilsyns- og kontrollfunksjonen i møte.
Kontrollutvalet skal ha eit eige sekretariat som skal sjå til at saker o.a. som kontrollutvalet får seg førelagt, er forsvarleg utgreidde (koml. § 77 nr. 10).
Fylkestinget har fastsett eit reglement for organisasjon og saksbehandling i kontrollutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune, som nærare regulerer verksemda i kontrollutvalet og tilhøvet til fylkesrevisjonen og kontrollutvalssekretariatet. Sjå reglementet til høgre.
Kommunaldepartementet gav i 2011 ut "Kontrollutvalsboka" som gjer grundig greie for alle sider ved kontrollutvalets verksemd, - val/samansetting, plass i fylkeskommunen, arbeidsoppgåver m.m. Boka er lagt ut i menyen til høgre.
I menypunkta til venstre finn du meir omtale av verksemda i kontrollutvalet.
