Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Miljøprisen

Har du ein god kandidat til Miljøprisen for 2012? Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer med dette å invitere lag, organisasjonar, kommunar, bedrifter, skoleklassar, einskildpersonar og andre interesserte til å kome med forslag til prisvinnar innan 1. oktober. 

Miljøprisen skal tildelast for særleg verdfullt arbeid innanfor områda biomangfald, berekraftig utvikling, klima, forureining og alternativ og fornybar energi.

Prisen kan delast ut til enkeltpersonar, skoleklassar, organisasjonar, institusjonar, bedrifter, kommunar eller andre som har gjort ein særleg god innsats for miljøarbeidet i fylket.

Det synlege beviset på prisen er eit kunstverk utforma av ein kunstnar frå Møre og Romsdal og 15.000 kroner. Miljøprisen vert delt ut under fylkestinget i desember.

Forslag må innehalde ei kort skildring av kandidaten/kandidatane, og ei grunngjeving for nominasjonen. Legg gjerne ved bilete av kandidaten.

Send grunngjevinga til: post@mrfylke.no eller Møre og Romsdal fylke,  Julsundvegen 9, 6404 Molde.


Miljøprisen til NORSØK

Miljøutvalet ga i går Miljøprisen 2011 til Norsøk. Tingvoll-stiftinga får prisen for hardt og målretta arbeid for økologisk landbruk i 25 år.

Les meir

Kontaktpersonar

Beate Hostad Aukan
Miljørådgivar
Tlf. 71 25 86 05 / Mob. 992 50 962
Send e-post

Kven har vunne før?

2009: Runde miljøsenter

2010: Olav Bye

2011: Norsøk