Fagskolestyret
Fagskolestyret er det øvste organet for fagskoleutdanninga i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Styret har ansvaret for å drifte og utvikle fagskoletilbodet i samsvar med føremålet for fagskolen.
Styret har ansvaret for at opplæringa ved studiestadene til fagskolen er i samsvar med lover og forskrifter som gjeld for verksemda, og at tilbodet er i samsvar med godkjenninga frå NOKUT.
Styret har ansvaret for det fysiske og psykiske arbeids – og læringsmiljøet til tilsette og studentar.
Fagskolestyret har 7 medlemar med røysterett med personlege varamedlemar. Styret skal ha slik samansetjing: leiar i Utdanningsutvalet, ein representant frå Regional – og næringsutvalet, leiar og nestleiar i Yrkesopplæringsnemda og tre representantar frå næringslivet oppnemd av Yrkesopplæringsnemda.
Studentar og tilsette skal ha to representantar kvar med møte-, tale og forslagsrett for Fagskolestyret.
Leiar er Bjarne S. Elde, nestleiar er Paul Gustav Remøy.
