Har du lyst til å jobbe hos oss?
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for viktige samfunnsoppgåver som vidaregåande opplæring, kollektivtransport, tannhelse, kulturformidling og kulturminne. Fylkeskommunen er ein viktig regional utviklingsaktør, og samarbeider tett med andre offentlige og private aktørar i utviklinga av fylket. Til å utføre mangfaldet av oppgåver treng fylkeskommunen dyktige medarbeidarar innan fleire fagområde. Vi oppfordrar derfor alle som er kvalifisert til å søke hos oss, utan omsyn til alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Lenka til venstre viser alle dei utlyste stillingane i Møre og Romsdal fylkeskommune på Zett.no. Ved å nytta det elektroniske søknadsskjemaet hjelper du oss til å gjennomføra ein meir rasjonell og raskare tilsettingsprosess for dei einskilde stillingane.
Klikk her for å søke på stillingar. (elektronisk søknadsmodul)
I periodar har søknadsmodulen vår vore ustabil. Når du ikkje tak i søknadsmodulen, gjer vel og underrett support@mrfylke.no slik at vi kan få tenesten igang att.
Klikk her for å sjå ledige stillingar
Foreign applicants
NOKUT Norwegian Agency for Quality Assurance in Education
INVIA The gateway to recognition of foreign education
Møt fem tilsette
Korleis er så kvardagen som tilsett i Møre og Romsdal fylkeskommune? Vi har intervjua fem tilsette om kva dei synest om å jobbe i fylkeskommmunen.
Ei av dei er Helene Hanken ved Spjelkavik vidaregåande skule.
- Arbeidet mitt er variert og utfordrande på ulike måtar. Eg liker kontakta med elevar og fokuset på læring, fordi då er gleda ved å mestre nye ting ikkje langt unna, seier ho. Les meir om kva ho synest om å jobbe i Møre og Romsdal fylkeskommune ved å trykke her, eller klikke på biletet.
Vi har óg intervjua:
- Elev- og lærlingeombod Monica Molvær
- Faglærar Per Egil Fiske
- Klinikkleiar/tannlege Tone Nord
- Møremusikar Per Kåre Fossum
Kontaktpersonar
Tone Nord:
"Som arbeidstakar i fylkeskommunen blir du også del av eit større fagleg nettverk med høg kompetanse. Du har gode kolleger og mulegheit for karriereutvikling innad i organisasjonen. (..) Du får ein trygg og meningsfull arbeidsplass, med spennande og varierte oppgåver!"
Monica Molvær:
"Fylkeskommunen verkar kanskje ikkje frå utsida så tiltrekkjande for unge menneske, men eg kan love at det er noko heilt anna som foregår på innsida."
