Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Intranett > Støttefunksjonar > IT > Rettleiingar > Kjørereglar for bruk av epost

Kjørereglar for bruk av epost

 

alfakroll

Epost er blitt eit sentralt verktøy i dagleg arbeid. Vi minner om nokre elementære reglar for bruk av epost.

 KJØREREGLAR FOR BRUK AV EPOST
  

  1.  Epost-meldinga bør ha eit enkelt, klart definert mål. Spør deg sjølv: ”Kva er det eg vil oppnå, og korleis vil eg at mottakarane av bodskapet skal reagere?”
  2.  Lag ei informativ og god oversikt som syter for at mottakaren ved første overblikk oppfattar den viktigaste bodskapen.
  3.  Presenter den viktigaste informasjonen i den første setninga, og gå vidare med dei mindre viktige punkta.
  4.  Send ikkje beskjedar/notat til andre enn den/dei du treng å kontakte for å oppnå resultat.
  5.  Styr unna vedlegg, dei tek mykje plass, spesielt når dei blir sendt til fleire personar. Gje heller mottakar beskjed om kor vedlegget kan finnast.
  6.  Slett meir enn du lagrar. Husk- det er forbløffande kor mykje du mottar som du aldri får bruk for seinare.
  7.  Utvikle gode rutinar for saksbehandling. Når du tek imot informasjon, skal du ha ei klar haldning til korleis den skal handsamast: kaste, handsame, utsette, distribuere eller lagre.
  8.  Tenk deg godt om før du sender kjensleladde meldingar. Det du skriv i ein epost kan vidaresendast til andre og bli brukt mot deg seinare. Send ikkje epost når du er sint eller veldig sliten.
  9. Ha separate system for privat epost t.d. (Gmail eller den private breibandsleverandøren sitt system).  Kutt ut all ikkje-jobbrelatert epost som vitsar, kjedebrev, kjøp/sal og likande.
  10.  Ein god gammaldags samtale, ansikt mot ansikt eller i telefonen, vil alltid vere meir effektivt enn epost.
  11.  Når du sender epost, vil teknikarar/administratorar både hos avsendar og mottakar kunne lese/sjå meldingane som går gjennom systemet.
  12.  Epost er ikkje det some som rekommandert postsending. Ingen kan gje garantiar om leveringstid eller at meldinga kjem fra. Er det viktig bør ein kreve bekrefting på meldinga eller ringe for å kontrollere at meldinga er kome fram