Ansvarsområde og serviceoppgåver for IT-seksjonen
Ansvarsområde og serviceoppgåver
- Område der IT-seksjonen har ansvar
- Område der IT-seksjonen har avgrensa ansvarsområde
- Område der IT-seksjonen ikkje har ansvar
Ettersom IT-seksjonen får stadig ønskje om ulike typar tenester ser vi behov for å gje definisjonar på kva serviceansvar IT-seksjonen har i høve til brukarane. I utgangspunktet er det ønskjeleg å yte ein slik service at alle brukarane får den støtta dei treng. På den andre sida har vi avgrensa ressursar i høve til å yte ubegrensa service. For å klargjere kva service IT-seksjonen kan yte har vi nedfelt nokre retningslinjer for servicegraden i høve til brukarane:
a. IT-seksjonen har desse ansvarsområda:
- Installasjon av maskinvare, kommunikasjonsutstyr og basis programvare for sentraladministrasjonen i M&R fylkeskommune.
- Innkjøp/finansiering av arbeidsstasjonar og skrivarar til dei ulike avdelingane.
- Drift av lokalt nettverk (LAN) og fylkesnettet mot dei ytre etatane (WAN), tenarmaskiner som kjem inn under dette og kontorstøtte verktøy i sentraladministrasjonen.
- Installasjon og drift av svitsjar og ruterar ved skolar og institusjonar.
- Drift av sentrale applikasjonar og databasesystem
- Koordinering av nettverkstruktur, standardar, innkjøpsavtalar og generell IT-policy for heile fylkesnettet.
- Drift av nettverk og PC-utstyr ved tannklinikkar
- Innkjøp og vedlikehald av utstyr som vert nytta av IT-personell frå bustaden i samband med beredskap, fjern-overvaking og fjerndrift.
- Rådgjeving, opplæring og samordning for å dra mest mogeleg nytteverdi av dei standard kontorstøttesystema vi har i sentraladministrasjonen.
- Brannmur-oppsett og barrierestruktur i sentraladministrasjonen
- Generell IT-tryggleik (saman med leiargruppa og tryggleiksutvalet)
- 2. linje brukarstøtte for kontorstøtteverktøya i sentraladministrasjonen. Med kontorstøtteverktøy meiner vi operativsystem, meldingssystem, gruppevare, tekstbehandling, rekneark, presentasjonsverktøy, Internett / intranett. Dette gjeld problem som superbrukarane ved dei ulike avdelingane ikkje greier å løyse.
b. Område der IT-seksjonen har avgrensa ansvarsområde.
- Innkjøp av standard programvare til politikarar og tillitsvalde, her kan vi stille til disposisjon brukt utstyr og tilby programvare til våre innkjøpsprisar.
- Spesialutstyr (ergonometrisk tastatur/mus, multimedia, spesielle skrivarar, etc.) for dei ulike avdelingane, her kan vi samordne innkjøp og gje råd. Innkjøp vert finansiert over brukaravdelingane sine eigne budsjett. IT-seksjonen har eit rådgjevingsansvar i samband med innkjøp av slikt utstyr for å avklare standard, risikovurdering etc.
- Kjøp, finansiering og fjerndrift av kommunikasjonsutstyr ved skolar. For alt anna utstyr og programvare samordnar vi innkjøp.
c. Område der IT-seksjonen ikkje har ansvar
- Direkte kjøp, installasjon og brukarstøtte på privat IT-utstyr og utstyr som blir kjøpt til skolar og mindre institusjonar.
- Kjøp av spesialutstyr og kjøp/brukarstøtte på programvare som er spesiell for berre ei faggruppe eller einskildpersonar.
- Drift av PC-utstyr ved skolar.
- Feilsituasjonar etc. på utstyr og programvare som ikkje er standard, som er skaffa på trass av råd frå IT-seksjonen, eller som ikkje samsvarar med vår strategi.
Beløpsgrenser for utstyr IT-seksjonen dekker
- Skjerm: kr. 2.000,- *)
- Berbar PC : kr. 7.000,-
- Stasjonær PC + Skjerm: kr. 7.000,-
- Stasjonær PC uten skjerm: kr. 5.000
- Laserskrivar: kr. 10.000,-
*) Dette gjeld også stor-skjerm og flatskjermar. Innkjøp av slikt utstyr skjer ut frå behov. Dersom slike skjerm-typar kjem under beløpsgrensa, dekker IT-seksjonen også dette.
