Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Bestilling av ny PC

IT-seksjonen skal godkjenne og installere alt utstyr som skal i våre nettverk.

Dersom ein har behov for ny PC, som skal inn i fylkesnettet, skal det gjerast via brukarstøtte. Dette kan gjerast ved at du tek kontakt med din superbrukar i avdelinga og får denne til å legge inn ønskjet som ein førespørsel i skjemaet under. Her skriv de kva behov de har og kva program/tenester de ønskjer.

Dette gjeld alt utstyr som skal koplast inn i våre nett. Det gjeld ikkje utstyr som berre skal brukast eksternt eller vi trådlause nett.

 IT-seksjonen dekker standard kontor-arbeidsstasjon inntil ei viss grense, det som kjem over denne grensa dekker fagavdelinga (sjå rettleiinga «Ansvarsområde og serviceoppgåver for IT-seksjonen».

Standard arbeidsstasjon er:

  • 1 stk skjerm (24" flatskjerm)
  • 1 stk stasjonær arbeidsstasjon med mus, tastatur og evt. høgtalar

Som alternativ kan du velge ein berbar PC i dockingstasjon

IT-seksjonen dekker ikkje berbare PC-ar som hovudsakleg blir brukt utanom arbeidsstaden (fylkeshuset). Slike PC-ar skal ikkje koplast opp i det kabla nettet på fylkeshuset.

Dersom det er behov for ekstra skjerm og skjermkort oppgis det i skjemaet:

Arbeidsstasjon bestilling
  1. (Dersom brukaren har skjerm frå før)
  2. (Velg Ja for ekstra ekstern skjerm)
  3. (Spesielle krav)

Kontaktperson support

Support

Tlf: 8111 (71 25 81 11)

Beløpsgrenser for utstyr IT-seksjonen dekker

  •  Skjerm:  kr. 2.000,-  *)
  •  Berbar PC :  kr.  7.000,-
  •  Stasjonær PC + Skjerm:  kr. 7.000,-
  •  Stasjonær PC uten skjerm: kr. 5.000
  •  Laserskrivar:  kr. 10.000,-

 *)  Dette gjeld også stor-skjerm og flatskjermar.  Innkjøp av slikt utstyr skjer ut frå behov.  Dersom slike skjerm-typar kjem under beløpsgrensa, dekker IT-seksjonen også dette.