Kvalitetsleiing - HMS
Vi arbeider med å bygge opp fleire system for å sikre kvaliteten på dei tenestene vi leverer. Det systemet som vi er kome lengst med er HMS-systemet og kvalitetssystemet for udanningssektoren. Vi arbeider med å bygge opp liknande kvalitetsstyringsverktøy for andre område.
Det er også ein del felles system-element som må utviklast vidare. Dei viktigaste er: eit overordna rammeferk for kvalitetsleiing, ein formulert kvalitetspolitikk med kvalitetsmål, eit felles avviksoppfølgingssystem og bedre dokumentstyringsverktøy. Det er også eit mål å få publisert ei kortfatta og oversikteleg kvalitetshandbok på intranettet.

