Om skulen
Gjermundnes vgs har dei siste åra hatt om lag 120 elevar. Skulen tilbyr internatplass til elevar utanom nærområdet.
Vi tilbyr opplæring innan naturbruk, mekaniske fag og allmennfagleg påbygging.
Gjermundnes vidaregåande skule kombinerer tradisjon og nytenking. Skulen ligg i eit naturskjønt område ved Romsdalsfjorden, i Vestnes kommune, med gode kommunikasjonstilhøve i alle retningar
Mekaniske fag
Innanfor dei mekaniske faga har vi utvikla eit opplegg i samarbeid med industrien i kommunen.
Utdanninga kombinerer grunnopplæring på skulen med utplassering i den mekaniske industrien i kommunen. Saman tilbyr vi ei opplæring på eit fagleg høgt nivå.
Naturbruk
Skulegarden eig ca 300 dekar jordbruksareal, og leiger ca 100 dekar i tillegg. Jordbruksarealet er fulldyrka. Vi har også ca. 1200 dekar skog.
Skulegarden har moderne driftsbygningar og har teknisk undervisningsutstyr for jordbruks-, skogbruks- og hagebruksdrift.
Hest
Dei siste åra har skulen satsa sterkt på utvikling av tilbodet innan hest. Vi har knytta til oss fagpersonar i Norgeseliten innan feltet. Vi har eit nært samarbeid med desse kreftene for å kunne gje opplæring innan hestefaget av ypperste klasse.
Skulen har stallplass til ca 20 hestar. Dette gjer det mogleg for elevane å ha med eigen hest til skulen.
Skulen har gode beiter, luftegard, treningsbane og rundpaddock for dressur.
Gjermundnes som samansett skule gir elevane ein god ballast for seinare studie og arbeid.
