Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Gjermundnes VGS > Nyheiter > Skulen opnar neste veke, men ikkje fra måndag 11. mai

Kontaktpersonar

Anne Wesnes Anne Wesnes
Ass. Rektor
+4771282911
Send e-post

Skulen opnar neste veke, men ikkje fra måndag 11. mai

Det er gitt klarsignal for opning av alle skolar i løpet av neste veke, og vi gleder oss stort til å møte alle elevar og tilsette igjen på skulen! 

Tilsette ved Gjermundnes vgs vil bruke måndag 11. mai til å planlegge ei forsvarleg skuleopning for elevane, for at gjenopning skal være i tråd med dei nasjonale smittevernreglane. Derfor er det ikkje skule førstkommande måndag (unntaket er AO). Sjå timeplan under.

  Måndag 11. Tysdag  12. Onsdag  13. Torsdag 14.  Fredag 15.
1NA1  Fjernunderv. Fjernunderv. På skulen  På skulen  Fjernunderv.
1NA2  Fjernunderv. Fjernunderv. På skulen  På skulen  Fjernunderv.
1TP1  Fjernunderv. Fjernunderv. Fjernunderv.  På skulen  På skulen 
1TP2  Fjernunderv. På skulen  På skulen  Fjernunderv. Fjernunderv.
2AID  Fjernunderv. Fjernunderv. Fjernunderv. På skulen  På skulen 
2HH  Fjernunderv. På skulen  Fjernunderv. Fjernunderv. Fjernunderv.
2LG  Fjernunderv. På skulen  Fjernunderv. Fjernunderv. Fjernunderv.
3LA  Fjernunderv. Fjernunderv.  Fjernunderv. På skulen  På skulen 
3PB/3NA  Fjernunderv. På skulen  Fjernunderv. Fjernunderv. Fjernunderv.
AO  På skulen På skulen  På skulen  På skulen  På skulen 

 

Skulen vil ikkje vere open for alle klassar kvar dag, men følgje timeplana vedlagt her. Denne kan variere veke til veke – informasjon vil bli lagt/sendt ut. Alle elevar må førebu seg på ein kombinasjon av oppmøte på skulen og heimeskule/fjernundervisning på Teams og Itslearning. Dette har vi fått god erfaring med dei siste vekene, og saman skal vi klare å gjennomføre skuleåret på ein god måte!

Sjå meir informasjon i skrivet til høgre. 

Vel møtt!