Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Gjermundnes VGS > Nyheiter > Omsorgstelefon (Oppdatert!)

Omsorgstelefon (Oppdatert!)

Gjermundnes vidaregåande skule har no oppretta ein omsorgstelefon for elevane våre. Dette er eit tilbod til elevar som treng nokon å snakke med som har tid til å lytte og kan gi støtte. Elevar kan ringe med alle typer bekymringar og spørsmål. Det treng ikkje å ha med koronaviruset å gjere. Kanskje er noko vanskeleg heime, med vener eller andre ting som blir opplevd utfordrande i denne tida. Telefonen er bemanna av vernepleiar Bente Røvik som har god kompetanse og lang erfaring med å snakke med ungdom.
Omsorgstelefonen har nummer 71 28 29 29 og er open kl. 08 – 14 alle kvardagar.

Omsorgstelefon i påskeferien

Omsorgstelefonen vår vil vere open for elevane våre også i påskeferien, men utan fast opningstid. Send ein SMS til 97165545 om de ønskjer å prate med Bente, så ringer ho deg når ho har anledning.

Vi ønskjer alle ei god påske!