Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Gjermundnes VGS > Nyheiter > Informasjon til elevar og føresette

Kontaktpersonar

Aina Tomren Aina Tomren
Rektor
+4771282916 /
Mob. 90927792
Send e-post

Informasjon til elevar og føresette

Fylkeskommunen har bestemt at alle dei vidaregåande skulane i Møre og Romsdal skal stengjast i 14 dagar frå og med fredag 13. mars.Dei neste vekene vil all undervisning ved Gjermundnes vidaregåande skule gå føre seg via digitale flater. Timeplanen går derfor som normalt. Skuleleiinga vil frå måndag av i veke 12 stort sett vere på heimekontor, og er tilgjengeleg på e-post og telefon. 

Elevar

- Logg deg inn på It’s learning dagleg og gjer deg kjent med oppgåver/opplegg i faga du har den dagen.

- Lever arbeid i faga innan fristen sett av faglærar.

- Faglærar er tilgjengeleg den perioden faget ligg på timeplanen. Elles svarar faglærar når han eller ho har moglegheit innanfor vanleg arbeidstid.

- Faglærarane kjem til å gjennomføre alternative vurderingar i denne perioden, og det er viktig at elevane følgjer med og deltek aktivt i opplæringa.

- Kontakt skal foregå anten skriftleg i It’s learning, via Teams eller pr. telefon.

- Me oppmodar alle elevar om å laste ned Itslearning-appen på mobiltelefonen sin, og tillate varslingar slik at dei held seg oppdatert.

 

Kontaktlærarar

- Kontaktlærar vil følgje opp dialogen med sine elevar og føresette for elevar under 18 år.

- Dersom elevane bli sjuke denne perioden, er det viktig at dei det gjeld tek kontakt med kontaktlærar og gjev beskjed. Spesielt dersom det stadfestas at det er smitte av koronaviruset.

 

Dokumentasjon og vurdering

- Lærarane vil legge til rette for at det skal foreligge nok vurderingssituasjonar til at standpunktkarakter i faget kan settes våren 2020. Elevane må delta i fjernundervisninga slik at læraren har grunnlag for å setje karakter. Vi håper unntakssituasjonen ikke varer lenger enn dei to vekene som er varsla, men planlegg med at dette kan bli langvarig.

 

Føresette

- Me oppmodar føresette til å følge opp skulearbeidet heime og motivere elevane til å halde læringstrykket oppe i denne spesielle situasjonen. Skuleleiinga kan kontaktast som vanleg ved spørsmål. 

- Dersom ein elev vert sjuk, skal han/ho ikkje påleggast å levere arbeid i faga. Kontaktlærar må då få beskjed frå føresett om dette. Send beskjed som vanleg til meg om ditt born blir sjuk i løpet av perioden.

- Ta også kontakt med kontaktlærar ved anna uro knytt til ditt born og gjennomføringa av skulegongen.

 

 

Alt godt ønskes alle - lukke til!

 

Aina Tomren

kst. rektor