Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Gjermundnes VGS > Hospitering > Hospitering

Hospitering

Hospitering

Gjermundnes vgs er skulen som tilbyr Naturbruk grønt i fylket. Ynskjer du fagopplæring innan landbruk, hestefaget eller anleggsgartnerfaget, må du byrje som elev ved Gjermundnes vgs.  

Gjermundnes vgs tilbyr hospitering etter retningslinjene i fylket. Reiseavstanden til Gjermundnes vert for mange for lang til at det er naturleg å reise att og fram på same dagen. Vi tilbyr internatopphald ei natt i samband med hospiteringa. Skulen har 70 elevar buande på internatet med full kost og godt stell elles. 

Då kommunane organiserer opplæringa i faget Utdanningsval på forskjellige måtar, vil vi ved Gjermundnes tilpasse vårt opplegg slik at det let seg gjennomføre for alle elevane i fylket.
Er du interessert så ta kontakt med skulen, så vil vi finne fram til eit godt opplegg. Skulen vil elles arrangere open dag, vere med på aktuelle utdanningsmesser i fylket og vi vil kunne kome på besøk på skulen dykkar for å orientere om utdanningsprogramma vi tilbyr.

Realfagfordjuping Vg3 Naturbruk studieførebuande

Elevar som tek til på Vg1 Naturbruk vil gjennom dei tre åra ved skulen få tilbod om å velge følgjande fordjuping i realfag:

Vg1 Naturbruk:
Naturfag - 5 timar i veka
Matematikk 1T - 5 timar i veka

Vg2:
Biologi 1 - 5 timar i veka
Kjemi 1 - 5 timar i veka

Vg3: 
Matematikk  R1 - 5 timar i veka
Biologi 2 - 5 timar i veka
Kjemi 2 - 5 timar i veka 

Når det gjeld Kjemi 2 vert det teke atterhald om at det er nok elevar som vel dette tilbodet til å starte opp undervisninga. 

Programområde Naturbruk med påbyggingskurset Vg3 Naturbruk studieførebuande gjev utvida fordjuping i relafag samanlikna med alle andre yrkesfaglege prograområde. Dette gje rat ein samstundes som ein får opplæring i landbruksfaga, hestefaga eller anleggsgartnerfaga, også får studiekompetanse som gjev opptak til eit vidt spekter med høgskule- og univeritetsstudium vidare. 

Kontaktpersonar

Marit Karin Årseth Vike Marit Karin Årseth Vike
Rådgiver
+4771282915
Send e-post

Kontakt oss

Gjermundnes vidaregåande skule

Telefon: 712 82 900
E-post: gjermundnes.vgs@mrfylke.no

Besøks- og postadresse:
Gjermundnesvegen 200
6392 Vikebukt

Kart:

Dokument

Plan for hospitantar
DOCX-dokument - 1,64 MB